Redaksjonell årsrapport 2020
Redaksjonell årsrapport 2020
0
  • Redaksjonelt samarbeid
    • Avisoversikt
    • Redaksjonell organisering
    • Kommentar fra stiftelsen Polaris Media 2020
    • Fjorårets rapport (2019)
  • Rapporter fra mediehusene
    • Vis i kart
    • Polaris Media Nord-Norge
    • Polaris Media Nordvestlandet
    • Polaris Media Midt-Norge
    • Polaris Media Vest
    • Polaris Media Sør

Bømlo-Nytt

Bømlo-nytt er lokalavisa for Bømlo kommune. Ho vart etablert i 1973, og det første nummeret kom ut 31. august. Bømlo-nytt sak vera lim og lupe, vera identitetsskapande, spele på lag med lokalsamfunnet når det er på sin plass. Men samstundes skal me setje politiske vedtak under lupa og vere kritiske når det trengst. 2020 har vore utfordrande også for Bømlo-nytt, men har vist at lokalavisa har ei viktig rolle som informasjonskanal i lokalsamfunnet.

Sunnhordland

2020 var først og fremst koronaåret. Året der me alle og ein fekk kjenna på kor sårbare me er i møte med eit virus me ikkje klarer å kontrollera. For oss som mediehus har covid-19 fått store følgjer på den økonomiske sida som følgje av ein kraftig svikt i annonseinntekter. For redaksjonen har situasjonen gitt ein enorm auke i interesse for nyhende. 2020 var også året der me som redaksjon for alvor har teke i bruk dei digitale verktøya, analysert kva folk ønskjer å lesa om og brukt dette i dei redaksjonelle prioriteringane. Våre lesarar ønskjer ei framoverlent nyheits- og næringslivsdekning. Dei vil ha rask og god rapportering frå hendingar, og dei vil ha saker der me kjem nær folk i regionen vår. Samstundes så kjenner me i redaksjonen at det er dette me ønskjer å jobba med. I 2020 kom Sunnhordland eit godt stykke på vegen. I 2021 skal me bli endå betre!

Polaris Media
CMS :Webdesign :Bennett