Vikebladet Vestposten

Når året 2020 no skal oppsummerast, er det for meg som leiar i Vikebladet Vestposten umogleg å unngå å nemne ordet korona. Pandemitiltaka og følgjene av dei trefte oss som ein medisinball i ryggen i midten av mars, og gjorde at vi mista det meste av annonsinntekter over natta. I tillegg forsvann det meste av det som vanlegvis dannar grunnlag for det redaksjonelle innhaldet: kulturarrangement, politiske møte, idrettsarrangement, sosiale samankomstar. I nokre veker vart marknadsmedarbeidarane permitterte og alle (bortsett frå leiar) jobba frå heimekontor til slutten av mai. Akkurat då var utsiktene for resten av 2020 ikkje så veldig gode. Og så viste det seg at året ikkje vart så aller verst likevel. For det viste seg at nedgangen i annonseinntektene ikkje vart så stor som først frykta- sjølv om desember vart den einaste månaden i 2020 der vi klarte å oppnå annonsebudsjettet. Det viste seg også at lesarane hadde eit stort behov for informasjon i samband med koronasituasjonen, og at svært mange, gledeleg nok, gjekk til lokalavisa for å bli oppdatert. Ved utgangen av 2020 hadde Vikebladet Vestposten 3883 abonnentar, vel to hundre fleire enn då året starta. Talet på digitale abonnentar auka med 23,5 prosent frå 2019 til 2020, og i veke 51 sette vi ny rekord i plussvisningar: 70.306.

 


Fakta
Samlet opplag 4244
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Linda Eikrem (49)
Hareid og Ulstein
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
10000
Daglige brukere på nett
5900
Daglige brukere på mobil
4800
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3300
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 48
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 380
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall kronikker
  • 48
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet. Målet er å setje dagsorden, ha saker som engasjerer innbyggarane og la flest mogleg få kome til orde.  Målet er også å spegle det mangfaldige samfunnet vi dekkjer, det gjeld både næringsliv, kulturliv og samfunnsliv. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, men vi skal også fortelje suksesshistoriene om dei som lukkast. 

    Vi skal vere nær lesarane våre og senke terskelen for å snakke i lokalavisa. Vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter, og på nett skal vi halde fram med å vere den største nyheitsportalen i vårt dekningsområde. I 2020 hadde vi nesten 13,7 millionar sidevisningar og 577.000 unike brukarar. Det er høvesvis 3,2 millionar og 29.000 fleire enn i 2019. Målet er å få endå fleire av lesarane til å bruke det digitalet tilbodet vi har, og sjølvsagt også å få nye lesarar.  Målet er også at det lokale næringslivet skal annonsere i avisa, både på papir og digitalt- men vi ser at stadig fleire vel til dømes sosiale medium som Facebook og Instagram for å fortelje om tilbod og kampanjar.

    Det er ikkje alltid vi klarer å leve opp til desse måla. Redaksjonen er liten og sårbar for fråvær/sjukdom, og det er slett ikkje alltid vi rekk over alt lesarane ventar vi skal rekke over. Produksjonstempoet er vanlegvis høgt og gir lite rom for å jobbe lenge med sakene- men her vart dei ei endring i 2020, på grunn av koronasituasjonen. Meir om det seinare i rapporten.

     


    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Ifølgje Ver Varsam-plakaten er samfunnsoppdraget tredelt: vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet.

    Lokalavisa skal gje lesarane noko å prate om, vere noko innbyggarane har felles. Det forpliktar. På
    vikebladet.no ser vi at lesarane ventar at vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter. Er det til dømes brannutrykking, ser vi at lesartala sprett i vêret. I tillegg til å følgje politi, vegtrafikksentralen og 110-sentralen på twitter, er vi avhengige av tips og sosiale medium for å få med oss slike hendingar. Lesarane våre er flinke til å tipse og sende bilde, og det er spesielt gledeleg at også unge menneske ser ut til å ha eit aktivt forhold til avisa. Også i 2020 var saker som handla om ulukker, leiteaksjonar, ferjetrøbbel og lovbrot mellom dei mest lesne på nettsida vår. 

    Vi har journalist på alle formannskaps- og kommunestyremøte i både Hareid og Ulstein, og vi meiner det er viktig å følgje med på dei som bestemmer i kommunane og å fortelje lesarane kva som vert sagt og avgjort på desse møta. Vi opplever at mange av lesarinnlegga handlar nettopp om saker som vert behandla av administrasjon og politikarar i dei to kommunane. 

    Både Hareid kommune og Ulstein kommune har eigen informasjonsmedarbeidar, og vi ser at det framleis er viktig å ha ei uavhengig avis med fritt kjeldeval og kritisk blikk på dei som sit med makta. Diverre skjer det stadig at maktpersonar prøver å påverke måten artiklar blir vinkla på, til dømes er det mange som ventar at lokalavisa kun skal skrive om det som er positivt. 

    Som lokalavis er det også viktig å la så mange som mogleg frå dekningsområdet vårt få kome til orde, dette gjeld både som intervjuobjekt, på kommentarplass og gjennom lesarinnlegg. Også i 2020 hadde vi i kvar fredagsavis ein kommentar frå ein ekstern skribent. Fleire av dei var ungdomar, den yngste femten år gamal.

    Å fortelje om det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, er også ein del av oppdraget. Det gjorde vi til dømes i ei sak om arbeidspress på ferjene. Og ein tilsynsrapport frå Fylkesmannen mot Ulstein kommune om eigenbetaling på sjukeheimen førte til mange artiklar og til dels kraftige reaksjonar frå lesarane.

    Viss ein skal trekkje fram den største nyheitshendinga frå 2020, blir det konkursen på skipsverftet Kleven i Ulstein sist sommar. Verftet har i mange tiår vore ein stor og viktig arbeidsplass, og fekk nye eigarar berre nokre månader før konkursen. Saker om konkursen og nye eigarar var mellom dei mest lesne i heile fjor.

    Også i 2020 hadde vi temasider om kjærleik i samband med morsdag og Valentinsdag. I juni samarbeidde vi med Vestlandsnytt om temasidene «Sommar på ytre søre», der vi skreiv om aktivitetar lesarane våre kunne gjere- sidan det pga koronaen var uaktuelt for dei fleste å reise til utlandet. Vi gav ut temasider i samband med Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i veke 33 (august), og i september hadde vi temasider om haust i samarbeid med Møre-Nytt.

    Legg til i min rapport

    Mest lesne saker

    Dei ti mest lesne pluss-sakene i 2020:

    1. Tinglysingar i Ulstein siste 60 dagar (9487 sidevisningar)

    2. Tinglysingar i Hareid siste 60 dagar (6352 sidevisningar)

    3. Eiksundsambandet vart stengt etter kollisjon (5875 sidevisningar)

    4. Leitar etter årsaka (dødsulukke i Haddal) (4831 sidevisningar)

    5. – Snorrebuda har mykje uforløyst potensial, og skal vere eit levande hus (3242 sidevisningar)

    7. – Ser inga meining (2903 sidevisningar)

    8. – Eg er nok heldig om eg får noko att for bilen (2821 sidevisningar)

    9.  Den kroatiske politikaren som åtvara Kleven Verft om DIV Group i februar: - Dei kan takke seg sjølv for det som skjer no (2812 sidevisningar)

    10. Frigir namnet på den omkomne (2701 sidevisningar)

     

    Dei ti mest lesne opne sakene i 2020:

    1. Koronaviruset sett frå Hareid og Ulstein (38.804 sidevisningar)

    2. Omkom i trafikkulukke i Haddal (35.244 sidevisningar)

    3. Trafikkulukke mellom Garnes og Kvalnestunnelen (27.823 sidevisningar)

    4. To smittetilfelle påviste i Ulstein (11056 sidevisningar)

    5. Bustadhus brann ned til grunnen i Brandal (10996 sidevisningar)

    6. Hareid kommune: alle som har vore utanfor Møre og Romsdal etter klokka 06 torsdag og 12. mars må i karantene (9491 sidevisningar)

    7. Ferje må gå til Solavågen (8094 sidevisningar)

    8. Kleven verft er redda- Aker-baserte Green Yard Group er ny eigar av verftet (8064 sidevisningar)

    9. Ber folk halde seg heime (7755 sidevisningar)

    10. Koronaviruset: Innbyggar i Hareid sett i heimeisolasjon (7389 sidevisningar)

     

    Enkeltsaka som førte til flest selde abonnement i 2020 (20 stk i VV, 17 i Sunnmørsposten), var historia om ei fembarnsmor som brått vart enke 34 år gamal:

     

    Legg til i min rapport

    Svar på spørsmål frå stiftinga

     Koronapandemien:


    Situasjonen har vore krevjande. Vi har måtte jobbe på andre måtar, sidan vi til vanleg er vane med å fylle dagane med ting som skjer. Samfunnet var omtrent nedstengt i store delar av 2020, og vi har vorte «tvinga» til å tenkje annleis i val av saker og intervjuobjekt. Det har kravd meir av redaksjonen når ein ikkje lenger har kunne støtta seg til planlagde arrangement.

    Det har også vore påfallande at ikkje alle offentlege etatar (kommunar, legesenter, helsestasjonar) i området ser ut til å ha forstått kor bredt nedslagsfelt lokalavisa har. Kommunane insisterer ofte på å bruke eigne kanalar som nettside og Facebookside til viktig informasjon- men det er langt frå alle innbyggarane som er der. Det kan nemnast at ei sak på vikebladet.no hadde nesten åtte tusen sidevisningar i fjor, der var både smittevernlegen og kommuneoverlegen i Ulstein intervjua om koronasituasjonen.

    Då det vart innført strenge tiltak i midten av mars, opplevde vi også eit slags lokaldemokratisk vakum. Brått vart alle politiske møte avlyste og lokalavisa var langt frå velkomen på alle møta i kriseleiinga i kommunane. Det var omtrent umogleg for oss- og dermed også for innbyggarane- å få innsyn i lokaldemokratiske prosessar. Heldigvis kom kommunane etter kvart i gang med digitale møte.

    Til slutt: det har vore svært vanskeleg få koronasmitta personar i vårt dekningsområde i tale. Vi har vore i kontakt med dei fleste (smittetalet i lokalbefolkninga er ikkje høgt), alle har til no sagt nei. Det gjer at viruset kanskje har vorte litt for «mystifisert» i lokalområdet.

    Produksjonspress og idéutvikling:

    Å jobbe i lokalavis inneber å stå i ein evig spagat. Papiravisa skal ut to gongar i veka, medan nettsida er open døgnet rundt. Det er to totalt ulike måtar å jobbe på, og når redaksjonen er liten (4,6 årsverk i VV), blir kvardagen sårbar. Ofte er det lite tid til å løfte blikket, sjå framover, planlegge, drive med prosjekt- fordi ein blir slukt av ein kvardag med politiske møte, akutte hendingar, kulturarrangement, basarar og fotballkampar.

    Men vi gjer det vi kan for å få det til, dersom nokon har lyst til å jobbe med eit lengre prosjekt. Eit døme frå fjoråret er temasidene døden, som stod på trykk i papiravisa 18. september 2020 og også lagt på nett. Seks personar fortalde om sitt forhold til slutten av livet, dei ulike intervjua vart gjort over ein periode på nesten eitt år. (Koronaen forseinka prosjektet.)

     

    Det må også seiast at 2020 var eit ekstra godt år for å tenkje ut litt meir langsiktige prosjekt. Sidan svært mykje av det vi som lokalavis vanlegvis brukar arbeidstida på vart avlyst og sett på vent, hadde redaksjonen høve til å tenkje meir langsiktig og vere meir kreative.  Døme: I adventstida hadde vi ein serie på nett, der vi kvar dag intervjua ein person frå Hareid/Ulstein som skulle feire jul i utlandet. Koronaviruset gjorde at mange måtte droppe planen om å reise heim, og denne serien hadde ikkje vorte laga utan den spesielle situasjonen som prega 2020.

    Debattar og kvalitet i kommentarfelt:


    På vikebladet.no har vi fjerna høvet til å kommentere saker. Årsaka er at det ikkje er mogleg å få varsling når det kjem ein ny kommentar og då blir det umogleg å følgje med og utøve redaktøransvaret. Når vi postar innlegg på Facebooksida vår (nesten utan unnatak er det lenker til nettsaker), må vi følgje nøye med. Nokre gongar- men sjeldnare og sjeldnare- må vi fjerne kommentarar. Dette blir gjort av redaktøren eller ein av journalistane- i tvilstilfelle tek vi gjerne ein diskusjon i redaksjonen. Då handlar det til dømes om rasistiske ytringar eller sjikane av enkeltpersonar/føretak. Elles er det stort sett eit sakleg nivå på kommentarane/diskusjonane som er knytt til avisa si facebookside. Nokre gongar dukkar det til og med opp innspel som fører til oppfølgingssaker. At det stort sett føregår sakleg, handlar kanskje om at vi dekkjer eit lite geografisk og gjennomsiktleg lokalsamfunn? Skulle nokon ytre seg uheldig, risikerer dei å bli konfrontert med det neste gong dei er ute blant folk. Det er nok vanskelegare å gøyme seg i kommentarfeltet til ei lokalavis enn i kommentarfelt der heile landet eller heile verda er med.

    Elles er det omtrent slutt på negative kommentarar om at det kostar pengar å lese nettsakene til lokalavisa. For berre eit par år sidan vart kommentarfeltet gjerne overlessa med folk som klaga på «betalingsmur». Dei som prøver seg på slikt no, blir fort «slått tilbake» av abonnentar som tek avisa i forsvar. Så her har det tydelegvis vore ei haldningsendring: vi opplever stor forståing for at det skal koste pengar å lese avisa. Det er svært gledeleg.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Heile redaksjonen har, pga koronasituasjonen, halde seg svært i ro i heile 2020 og ingen har reist på kurs. Men vi har hatt god nytte av interne ressursar i Polaris Media som har jobba med redaksjonell innsikt og analyse- og det har vore gjennomført fleire digitale møte om temaet.

    Mot slutten av året investerte redaksjonen i streamingutstyr. Det er gjennomført opplæring og vi håper å få stor glede av dette i 2021.

    Ein av journalistane i redaksjonen, Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, er framleis leiar i Møre og Romsdal Journalistlag.

    Prisar i 2020

    Saka om fem søsken som har saksøkt kommunane Hareid og Ulstein fordi dei ikkje fekk hjelp då dei vaks opp med fysisk og pyskisk mishandling på 1960-, 70- og 80-talet, var eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten. Den fekk Journalistprisen 2019 i featureklassa då Møre og Romsdal Journalistlag hadde årsmøte hausten 2020.

    Vikebladet Vestposten hadde ingen saker i PFU i 2020.

     

    Linda Eikrem

    Redaktør og dagleg leiar i Vikebladet Vestposten

    Januar 2021

    Legg til i min rapport