Koronapandemien: Hva har vært de største utfordringene redaksjonen har møtt knyttet til Covid-19?
Det har heilt klart vore det sosiale i redaksjonen, at vi har vore «på og av» når det gjeld graden av heimekontor. Med stengde dører, lite besøk utanfrå i redaksjonen og periodar der nesten alle har vore på heimekontor, har det gått utover det sosiale, trivselen og sjølvsagt også det faglege.
Samtalar over bordet kan ikkje erstattast av møte eller chat på Teams. Ein kan også frykte at samhaldet i redaksjonen blir påverka når vi i lange periodar er fysisk fråskilde.
På grunn av pandemien har det også blitt mindre kontakt med folk ute på arrangement, møte eller treffplassar generelt. Det skaper meir avstand mellom avisa og folket/lesarane. Det vil i neste omgang kunne vere skadeleg for produktet.
Produksjonspress og idéutvikling: Er det tid til å utvikle egne journalistiske prosjekter, eller må dere bare løpe for å oppfylle alle forventningene fra omgivelsene?
I ei lokalavis med relativt låg andel redaksjonelle årsverk blir det mykje «løping». 2020 har – mykje på grunn av pandemien, men også på grunn av nokre interne utfordringar – resultert i lite prosjektutvikling redaksjonelt. I delar av året har det vore tredelt nettvakt i redaksjonen, og i tillegg kjem stresset med deadline inn mot dei to papiravisene. Men vi er klare til å satse på utvikling når ting normaliserer seg!
Debatter og kvalitet i kommentarfelt: Hva slags rutiner har dere for overvåkning og moderering av kommentarfelt? Hvordan opplever dere at utviklingen er hva angår debattnivået?
Generelt er debattnivået i kommentarfelt, både på nettavis og på vår eiga Facebook-side, på eit sakleg og bra nivå. Her gjeld det å ha nase for kva saker som vil skape engasjement mellom folk, ikkje minst kva som kan opprøre folk. Det har hendt at vi har sletta kommentarar eller jamvel stengt for kommentarar i enkeltsaker. Kommentarfeltet vert overvaka, og altså med eit ekstra auge på saker der vi kan lukte stort engasjement.