Pressens Faglege Utval mottok to klager mot Sunnmørsposten i 2020. Vi vart ikkje felt i nokon av dei, men fekk kritikk på eit punkt.
Den mest omfattande saka handla om ein konflikt i ei kommunal eigd bedrift. Det vart framsett kritikk av leiarstilen til dagleg leiar, og vi vart klaga inn for brot på fleire punkt.
PFU konkluderte med at vi ikkje hadde brote god presseskikk, bortsett frå i eit tilfelle: Tilsvaret til mannen i ei av sakene, kom berre med i nettutgåva og ikkje i papirversjonen. Dette fekk vi kritikk for, og det fortente vi.
Journalistane hadde gjort alt etter boka, og hadde samvitsfullt passa på at mannens tilsvar var med i alle saker, men så glapp vi på kvalitetskontrollen i overføringa av saka frå nett til papir.
Dette har vi lært av, og skjerpa rutinane, slik at det ikkje skal skje igjen.
Les: PFU-sak 007/20
Punkta i Vær Varsam-plakaten om samtidig imøtegåelse og tilsvar ( 4.14 og 4.15) er dei mest grunnleggande i presseetikken. Personar som blir utsette for sterke skuldingar, skal alltid få høve til å forsvare seg. Dette er eit punkt som alle stadig blir minna på.
I arbeidet med serien Dødelig mørke, er det gjort mange etiske vurderingar for å finne den rette balansen. Vi veit at openheit kan vere med på å forebygge sjølvmord, samtidig må vi unngå omtale som kan trigge dei som allereie er i faresona. Vi nemner til dømes ikkje metode, og unngår glorifiserande omtale. Norsk Redaktørforening har utarbeida ein rettleiar for sjølvmordsomtale som har vore eit nyttig hjelpemiddel i arbeidet med serien.
Journalistfagleg utvikling
Tidleg på året gjennomførte vi opplæring i Teams og OneDrive til alle medarbeidarar. Lite ante vi den gongen kor nyttig desse programma skulle bli, då koronaen sende alle på heimekontor. Vi har hatt daglege redaksjonsmøte på Teams, der vi har evaluert produkta våre og fordelt arbeidsoppgåver. Eit planlagt kursopplegg i frontredigering måtte avlysast på grunn av pandemien, men vi har forsøkt å dele kunnskap på andre måtar. For å takle arbeidskvardagen på heimekontor best muleg, inviterte vi fysioterapeut til eit digitalt møte for å gi alle gode råd.
På slutten av året vart det gjennomført opplæring i nytt HR-system for alle medarbeidarar.
Mangfald
Mangfald er eit stikkord vi må jobbe meir med. Oppgåva vår som mediehus er å spegle samfunnet, og sørge for at ulike grupper kan kome til orde. Med mangfald meiner vi både kjønn, alder, bakgrunn, geografi, livssyn, etnisitet, legning, funksjonsdyktigheit osv . Grunnlaget er at alle mennesker er like verdifulle, og mangfald er viktig for å styrke demokratiet. Vi har til dømes framleis langt fleire mannlege enn kvinnelege kjelder, og vi har lettare for å belyse problemstillingar frå ein vaksen synsvinkel enn frå barnets. Vi treng dessutan å bli betre på å spegle det framandkulturelle mangfaldet i vårt område.
Både når det gjeld synsvinkel, kjeldebreidde og rekruttering har vi behov for større bevisstheit rundt dette viktige temaet.