Stiftelsen Polaris Media, som skal passe på at den publisistiske plattformen i konsernet vert teken vare på, har utfordra redaktørane til å svare på nokre spørsmål:
Koronapandemien: Kva har vore dei største utfordringane redaksjonen har møtt knytt til Covid 19?
Eg vel å trekkje fram ei av utfordringane, og det handlar om informasjon frå kommunen, som er vår viktigaste informasjonskjelde om korona.
I vår utgåve 13. mars, altså dagen etter at koronalarmen gjekk og kommunane sette krisestab, stod det følgande på leiarplass: «Informasjon er ein viktig del av beredskapen. Det er viktig med nøktern informasjon, og det er viktig å vere rask med informasjon, og at den er lett tilgjengeleg. Elles må folk ty til sosiale media, og her er det fritt fram for hysterikarar, falske nyhende og ryktespreiing.»
Bakgrunnen var at vi alt hadde slite med å få god nok informasjon, og med det gjere ein god nok jobb overfor lesarane.
Den store nedstengingsdagen var torsdag 12.mars, men alarmen gjekk dagen før, med det første store lokale smitteutbrotet. Det vart vist til at kommunen skulle legge ut info på sine heimesider, og vi måtte forholde oss til det. Men onsdag kveld var heimesida til fleire av kommunane på Søre Sunnmøre nede i fleire timar.
Torsdag 12. mars vart det halde pressekonferanse i Ørsta kommune klokka 1200, men klokka 1400 heldt regjeringa ein nasjonal pressekonferanse som skapte ein ny situasjon. Dermed var mykje av informasjonen frå kommunen utdatert, slik vi såg det.
Torsdag ettermiddag/kveld og påfølgande fredag fekk vi ikkje kommunen si kriseleiing i tale. Det var heller ikkje muleg å få skikkeleg informasjon i helga.
Kommunen meinte tydelgvis at dei oppfylte informasjonsplikt ved å publisere nokre korte legebulletinar og nasjonale rundskriv på heimesida, men situasjonen endra seg frå dag til dag. Dermed vart det mykje utdatert og forvirrande informasjon på kommunen si heimeside.
Det er også eit generelt problem at kommunane har strenge retningsliner for kven som skal uttale seg. Det førte til dømes til at vi i den første fasen ikkje var i stand til å få folk til å stille opp på saker som: «Slik skal du teste deg på legesenteret» og: «er er besøksreglane for sjukeheimane»
Greit nok at kommunen sender ut informasjonsskriv og sentrale rundskriv, men vi har ikkje særleg tru på effekten av slikt. Som med all anna journalstikk er det viktig å vere nær, direkte og konkret, og sakene må ha innbydande presentasjon, med bilete, for å nå fram til flest muleg.
Møre-Nytt opplevde at vi ikkje fekk tilgang til informasjon, og at det var mangelfull tilgang til kjelder i den første kritiske fasen. Resultatet var at vi ikkje klarte å gi våre lesarar informasjon som samsvarar med våre ambisjonar i ein krisesituasjon.
Vi har forståing for at situasjonen var krevjande for kommunane, ikkje minst for smittevernlegane. Men det vart sett krisestab i kommunen, og då burde også informasjonshandteringa vere i krisemodus. Vi har ei kjensle at det ikkje berre stod på evna til å syte for god informasjon til lokalavisa, men at det også stod på viljen.
Dette gjeld først og fremst Ørsta kommune. Vi held kommuneleiinga ansvarleg, og gav beskjed om det.
Informasjonavdelingane i kommunane er små, og det er tydelege kapasitetsproblem. Dessutan har det vore fleire døme på manglande koordinering mellom informasjonsavdelingane i Ørsta og Volda, to kommunar som har så mykje samkvam over kommunegrensene at vi kan snakke om at vi har eit felles smitteområde.
Kommunane har stor tru på sine heimesider, men både presentasjon, innhald og oppdatering har manglar. Det må heller ikkje vere slik at kommunene ser på lokalmedia som ein konkurrent, og prioriterer eigne heimesider for viktige saker.
Vi har gjort kommunane merksame på at vi som lokalt mediehus når ut til svært mange i lokalsamfunnet gjennom våre nettsider. I tillegg har vi papiravisene som når ut til dei som ikkje er «på nett». Og dei er det nok framleis svært mange av, spesielt i den eldste gruppa.
Vi har fleire gongar opplevd at kommunen har kome med viktig informasjon seint på ettermiddagen , altså etter deadline for papiravisa. Vi har gjort kommunen merksam på våre tidsfrister for papiravisa, men har fått meldt tilbake( frå Ørsta kommune) at «kommunen ikkje kan ta omsyn til deadline i Møre-Nytt.»
Det må her leggast til at vi etter kvart fekk etablert gode rutinar for kommunikasjon med legane som har hatt ansvaret for smittehandteringa i Ørsta. Men på andre punkt er det klare forbetringspotensial for kommunane vi har mest kontakt med.
Er det tid til å utvikle egne journalistiske prosjekt, eller må de berre springe for å oppfylle forventningane til omgjevnadene?
Vi har kravstore lesarar, og det skal vi vere glade for. Lesarane forventar at lokalavisa er til stades så og seie over alt. Samstundes krev nettpubliseringa at vi må vere på bana med oppdateringar og nyheiter heile tida. I ein slik kvardag er det tempo og kvantitet det handlar om, så klassiske graveprosjekt er det ikkje tid til. Men dersom journalistane har gode saker på gang kan det frigjevast til både til research, og skriving/presentasjon.
Kva slags rutiner har de for overvaking og moderering av kommentarfelt? Korleis opplever de utviklinga i debattnivået?
Vi har kommentarfelt på sakene vi ligg ut på nett, men dei vert nesten aldri brukte. Derimot er det stort engasjement når vi legg ut saker på Møre-Nytt si side på Facebook
I dei klassiske lesarbrevspaltene er det gjengangar som dominerer, både når det gjeld tema og personar, men på kommentarfelta på heimesida er det langt fleire som engasjerer seg. Tonen er ofte frisk, men stort sett sakleg. Ein sjeldan gong har redaktøren gripe inn og oppmoda folk om å unngå personhets og usaklege kommentarar. Det har også skjedd at heile saker med trådar har blitt tatt vekk, men det skjer kanskje berre ein eller to gongar i året.
Konklusjonen er at det er lengre mellom overtrampa enn før. Vi har også lært å identifisere sakene som vi veit kan tiltrekke seg nettroll. Når vi legg ut slike saker er vi ekstra årvakne.
Svein Aam, ansvarleg redaktør