Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong «fødsel», med mykje prøving og feiling, såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1.000 ab. Fjuken held til i eige avishus i Bismo, har eitt avdelingskontor i Vågå, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3.450 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen. Kring 1.100 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som «brevet frå heime».

 







Fakta
Samlet opplag 3855
Utgiversted Skjåk
Ansvarlig redaktør Hans Erik Kjosbakken (57)
Ottadalen, kommunane Vågå, Lom og Skjåk
Kommer ut Torsdagar
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1640
  • Redaksjonelle årsverk
  • 4
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 48
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 79
    Fjuken har i ein miniserie intervjua tre personar med psykiske utfordringar. Fleire enn vi trur slit med «usynlege» sjukdomar, og det er mellom oppgåvene våre å lyfte slike saker og tema fram. Den fyrste ut i denne serien var den kjende folkemusikaren Bjørn Kåre Odde.

    Mål og prioriteringar

    Fjuken skal vera den mest lesne avisa i dekningsområdet, både på papir og nett. 

    Stadig fleire fylgjer oss digitalt, og over 72 prosent av komplettabonnentane har nå oppretta spid-brukar. Truleg har vi abonnentar vi ikkje hadde hatt om vi berre kom ut på papir.

    Vi er tett på lesarane, alle kjenner alle i nedslagsfeltet, og alle veit «kven» Fjuken er. Det kan like gjerne vera ei ulempe som ein fordel. Konkurransen med andre lokale medium og sosiale medium, gjer at vi heile tida lyt finne eigne gode saker. Samstundes skal vi ha søkeljoset på kva det offentlege driv med, og fylgje lokalpolitikken tett.

    Når det gjeld deling på Facebook er vi til ein kvar tid «på» for å luke ut upassande kommentarar.
    Mange av dei nye reiskapane vi har teke i bruk gjev oss moglegheit til å sjå kva lesarane verkeleg les, kva dei helst vil ha - og kva som ikkje blir lese.

    Fjuken skal spegle lokalsamfunna, både på godt og vondt. Vi har eit like stort ansvar for å syne fram dei positive sidene ved bygdene våre som dei negative, men frå lokalpolitikarane si side blir vi ofte oppfatta som negative.

    Fjuken skal vera ein kulturberar i dekningsområdet.

    Fjuken skal gjeva lesarane opplevingar dei ikkje får andre stader. Med fleire andre medium i same dekningsområde, er det konkurranse om å vera fyrst ute med nyheiter. Her meiner vi sjølve at vi er nokså kjappe og er eit nyheitsmedium på nett. Alle sakene er også delt på Facebook, og mykje av trafikken kjem derifrå. Vi kjem ut med tre magasin i året, i tillegg til store aviser før jul.


    Legg til i min rapport

    Utfordringar

    Vi hadde i 2020 ein liten nedgang i talet på abonnentar. Dette er sjølvsagt ei utfordring som vi heile tida må ha i tankane med tanke på innhald. 

    Vi trur ikkje at andre redigerte medium er den største konkurrenten, truleg heller ikkje sosiale medium. Den største utfordringa er kanskje at folk ikkje les i det heile teke. Det er òg ei utfordring å få med yngre lesarar.

    Vi meiner å vera bevisste på talet på oppdateringar, på kva saker som blir mest lese - og klar over at desse sakene kanskje ikkje er dei journalistfagleg beste. Det er likevel ei utfordring å vera «på» døgnet rundt, med dei ressursane vi har. 

    Sjølv om det er ein stor fordel med ein stabil stab, men minimalt fråver, kan det vera ei utfordring at vi går i dei same spora. Det lyt vi vera bevisste på, og heile tida søkje å gjera endringar og fornye oss.

    Vi forsøker å sjå dei ulike plattformene, papir og nett, som eitt produkt for lesarane. Det eine skal ikkje vera betre enn det andre. Meir og meir av publiseringa blir vridd til nett fyrst, deretter papir.

    Det kan vera utfordrande, i små kommunar som vi opererer i, at sentrale kommunale aktørar har ei oppfatning av Fjuken som negativ - avdi vi tek fatt i saker som kan vera vanskelege for kommmunen og som i sin tur kan føre til negative konsekvensar for innbyggjarane.

    Vi skal heile tida arbeide for at Fjuken skal bety noko for ottadølane. Det dei får i Fjuken, får dei berre der - og dei må lesa Fjuken for å få det.


    Legg til i min rapport

    Avisas samfunnsrolle

    Vi er medvetne ansvaret vi har for å gjeva lesarane god og sakleg informasjon – og elles godt lesestoff. Vi skal aldri bli tekne for å gje lesarane «fake news».

    Vi skal vera der for lesarane og lokalsamfunna. Vi skal vera der den politiske debatten er og sjå kva politiske vedtak fører til for innbyggjarane. Vi skal fylgje den spennande debatten kring kommunereform og samarbeid. Vi skal gje lesarane i alle dei tre kommunane vi dekkjer oppdatert og naudsynt informasjon.

    Næringslivssaker er stadig populære. Det å leggje ned butikkar eller etablere nye, er saker som blir lesne. Men, det er hendingsnyheitene, ulykkene, som dreg mest lesarar. 


    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg vurdering

    Vi har svært tett dialog i redaksjonen, vi er få og sit tett på kvarandre. Redaktør og journalisten i Vågå har kontakt fleire gonger dagleg. Kvar onsdag er alle samla i Bismo, og det er jamlege fellesmøte med alle tilsette. Vi er med i LLAs avistevlingar og får ei uavhengig vurdering årleg. Vi deltek ikkje i Polaris sine tevlingar, der vi likevel kjenner at vi ikkje har moglegheit å nå opp i nokon samanheng.

    Journalistane har alle moglegheiter til å delta på kurs, men finn ofte ikkje rom for å gjera det i ein hektisk kvardag. Etter at redaktør gjekk frå 100 prosent stilling som journalist har dei skrivande ressursane i praksis vorte redusert i Fjuken.

    Mest lese på nett


    Trafikkulykke i Skjåk9.324
    Èin person omkom i brann8.301
    Ulykke på riksveg 15 i Lom8.135
    På TV: Anna kokkar for kongeparet 6.831
    Ein i varetekt for kyrkjebrenning ... 6.427 
    Uheldig bileigar i Skjåk6.150
    Villcampingturistar overraska ...6.006
    Det verste eg har sett5.557

    Stadig fleire les oss på nett: Frå 3.323.583 visningar i 2018, via 4.510.921 i 2019 til 5.466.250 sidevisningar i 2020 – over to millionar sidevisninga rauke på to år.


     

    Hans Erik Kjosbakken, ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport