• Koronaen slo inn over oss som resten av samfunnet då landet vart sett i unntakstilstand 12. mars. Annonsemailen og telefonane handla ikkje lenger om bestillingar og tips, men massivt med avbestillingar. Det føltest som om golvet ramla ned under oss då alle arrangement vart avlyste og avisa mista betydeleg med inntekter. Redaksjonen sat ei kort stund og lurte på: «Kva skal vi skrive om no?».
• Det spørsmålet hang ikkje lenge i lufta. Om alle arrangement vart avlyste, stod avisa sitt samfunnsoppdrag veldig klart for oss: Ut og jobbe, spegle samfunnet slik det no er blitt.
• Mange mediehus gjekk til massiv nedstenging av kontorlokale og over til heimekontor for alle. Fjordingen gjorde ikkje det. Vi delte staben der nokre arbeidde frå heimekontor, men der over halvparten til ei kvar tid arbeidde frå mediehuset. Det gjorde vi etter god rådføring og anbefaling frå den lokale smittevernlegen i Stryn. Vi kunne gjere det fordi vi har eit mediehus med god plass, eigne kontor til alle og der vi heile tida har praktisert strenge interne smitteverntiltak.
• Fjordingen sette straks klar dagsorden om å gje abonnentane våre rask og etterretteleg informasjon om den nye kvardagen vi alle var blitt ein del av. Då første meldinga kom om koronasmitta personar frå Stryn, brukte vi under to timar på å finne fram til ein av dei smitta. Håvard Maurset hadde vore på skiferie i Ischgl, saman med kameratar, og kom heim med smitte. Han stilte opp i intervju i Fjordingen, med hans og redakstørens felles haldning om å bidra til rett informasjon og avmystifisering både om korleis ein vart smitta og korleis sjukdomen kunne råke.
• Fjordingen var med denne historia første lokalavisa i vår region som hadde intervju med ein koronasmitta. Vi hadde og intervju med Maurset sin far, som er kommunelege. Ei stund etter oppslaget med sonen, fortalde han om korleis han fekk mistanke om at sonen var smitta og kva han gjorde både for å hjelpe, isolere og ikkje minst opprette kontakt og råd med nabokommune.
• Ut over våren kunne vi fortelje nye historier om nye stryningar som var blitt smitta og personar i risikogrupper. Alle ulike og unike historier. På eit tidspunkt hadde 20 prosent av dei med koronasmitte i Stryn fortald historiene sine i Fjordingen. Framleis med det mål å informere og hjelpe andre i å unngå smittespreiing.
• Fjordingen sitt mål har heile tida vore å finne personane i sakene og dokumentere gjennom eigen journalistisk innsats. Det gjorde vi blant anna ved å besøke elevar som hadde heimeskule saman med foreldre og søsken. Og oppfølging med dei same elevane då dei som dei første fekk kome tilbake til skulen og venene, men på avstand. Alle sakene sjølvgjort, med eigne foto. Det har vi lagt stor vekt på, så sant mogleg, og gjennomført med fokus på smittevern for journalist/fotograf og intervjuobjekt.
• 17. mai vart ein annleis nasjonaldag i våre to kommunar som elles i landet. Med fellesarrangement avlyste, tok Fjordingen i bruk sin eigen lokalradio. Grendelag, skular og 17. maikomitear hadde på førehand gjort opptak både av elevar sine taler og helsingar, korpsinnslag og historieforteljingar. Dette la vi inn som del av ei fire timar lang radiosending som delvis gjekk direkte og delvis bestod av ferske opptak frå alle grendene. I tillegg hadde vi utegåande reporter som leverte. Gjennom radiosendinga og stor satsing på Fjordingen si nettavis bidrog mediehuset til å skape ein nasjonaldagfeiring alle kunne vere med på. Vi bidrog til å knyte folk og grender saman på ein dag vi ikkje kunne feire saman reint fysisk.
• Sendinga 17. mai var viktig, men Fjordingen har gjennom heile året brukt sin eigen lokalradio til lokale sendingar med sport, underhaldning og musikk. Også til sending av lokale gudstenester når kyrkjene har vore stengde for publikum.
• Kulturnatt i Nordfjord har vore eit årvisst arrangement som i 2020 vart avlyst. Då tok Fjordingen/Radio Stryn over og arrangerte digital kulturnatt med direktesendt utdeling av gåvemidlar, lokale musikksendingar og stor kulturnattquiz.
• Også utdeling av Frivilligprisen, som ellers går under eit stort messearrangement, vart gjort digitalt, saman med utdeling av julestjerner frå Frivillisentralane til folk som har ytt ein ekstra innsats i året som gjekk. På slutten av sendinga fekk Fjordingen overrekt «overraskelsesstjerna» for innsatsen vår i lokalsamfunnet.
• Med blokkerte grenser og ingen anløp av cruiseskip var spenninga stor om sommaren 2020 ville bli katastrofal for turistkommunen Stryn og Nordfjord elles. Slik gjekk det ikkje. Tvert i mot vart Nordfjord og Nordvestlandet saman med Nord-Norge den store vinnaren i kampen om norske turistar som brått skulle feriere i eige heimland. Dermed ingen kvileskjær, men nye utfordringar som blant mykje anna skulle handle om «villcamping» og stort press på område som tidlegare var lokale perler utan mykje besøk.
• Koronapandemien har vore i det daglege nyheitsbildet for Fjordingen på nett og papir. Og mange av sakene som ikkje handlar om korona har likevel blitt annleis fordi aktiviteten i samfunnet har vore prega av smittevernstiltak.
• Vi har vore på fleire besøk ved Nordfjord Kjøtt, som ein periode dobla produksjonen sin etter at svenskegrensa vart stengd. Vi har dekka drukningsulukke, dødsulukke med basehoppar, trafikkulukker, politiske møte, sport og ikkje minst næringslivet sin situasjon. Nokre med problem som følgje av korona, andre som opplever til dels sterk vekst. Viktig dokumentasjon som høyrer heime i lokalavisa.
• Generelt er Fjordingen si hovudoppgåve å vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.
• Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.
• Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.
• Papiravisa kjem to gonger i veka. Nettavisa lever døgnet rundt, året rundt, og er vår raske og viktige nyhetskanal som og gir plass til dei gode reportasjane. Vi jobbar aktivt med å framheve kvalitetane både med nettavis og papiravis.
• Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, men som i 2020 er blitt aktivt brukt til endå fleire sendingar enn før.