Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende er den nest eldste lokalavisa i tidlegare Sogn og Fjordane. Den kom ut første gang 5. april i 1910. I 2020 var avisa 110 år. Vi hadde fleire planar om å markere jubileet, men pandemien sette ein stoppar for det meste. Men jubileet vart markert både på nett og i papir i påska 2020.

 

 

 

 



Fakta
Samlet opplag 4519
Utgiversted Måløy i Kinn kommune
Ansvarlig redaktør Erling Wåge (62)
Kinn kommune, Stad kommune, Bremanger kommune og Vanylven kommune. Det geografiske dekningsområdet er midtre og ytre Nordfjord og Sunnfjord
Kommer ut Tysdag og fredag.
Daglige lesere totalt
9800
Daglige brukere på nett
5600
Daglige brukere på mobil
3500
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3600
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 101
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 520
  • Refuserte innlegg på nett
  • 210
  • Antall gjestekommentarer
  • 40
  • Antall leserinnlegg
  • 650

    Innledning

    To sentrale stikkord for 2020 er koronapandemien og nye kommune- og fylkesgrenser. 

    Avisa dekker fire kommunar i ytre Nordfjord: Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven kommunar. Mykje av det som har prega journalistikken vår, lesarbrev og kommentarfelt dei siste åra er kommunereforma. 2020 var det første året med nye kommunar i dekningsområdet vårt. Selje og Eid slo seg saman til Stad kommune etter 1. januar 2020. Samstundes slo Vågsøy seg saman med Flora kommune i Sunnfjord til Kinn kommune. Frå den same datoen vart Sogn og Fjordane fylke historie då fylket slo seg saman med Hordaland fylke til nye Vestland fylke. 

    Vi har ein veldig sterk posisjon både redaksjonelt på nett og papir, samt på marknad i regionen vi dekker. Vi skal vere tett på det som skjer i heile regionen.

    Vi ser også ei positiv utvikling på betalande abonnentar digitalt. Samstundes opplever vi at talet på komplettabonnentar går ned. Dette er ein trend mange opplever fordi færre vil abonnere på papir. Likevel så er papiravisa veldig viktig for mange. Er det ein dag at nokon ikkje får avisa i posten så tek det ikkje lang tid før vi blir kontakta. Det er eit godt teikn. Vi ser også at økonomien i selskapet har blitt styrka, trass i at 2020 vart eit spesielt år med koronapandemien og mykje vart stengd ned.

    Første utgåve av Fjordenes Tidende:

    Legg til i min rapport

    Mål og prioriteringer

    Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen til formidling av historier og nyheiter på papir og nett for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord og Bremanger. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker som vi skal omtale. Vi skal følgje folk i denne regionen frå vogge til grav. Vi skal vere til å stole på, vere nær, frie og uavhengig, balanserte og aktuelle. Vi skal skape engasjement.

    Saker som har prega våre spalter i 2020

    Kommunereforma: 
    Kommunereforma har prega våre spaltar både på nett og papir også i 2020. Årsaka er at tre av kommunane vi dekker har slått seg saman til nye kommunar. 2020 var det første året til dei nye storkommunane. Vågsøy kommune slo seg saman med Flora kommune til Kinn kommune. I tillegg har Selje og Eid kommunar slått seg saman til Stad kommune. Vedtaka av dei to samanslåingane vart gjort tidleg i 2017. Frå og med 2020 vart Sogn og Fjordane fylke historie då fylket slo seg saman med Hordaland fylke til nye Vestland fylke.

    Kinn kommune: 
    Kommunestyra i Vågsøy (6.031 innbyggarar) og Flora (11.999 innbyggarar) vedtok å slå seg saman til Kinn kommune i mars 2017. I forhandlingane om intensjonsavtalen om Kinn kommune var ein tredje kommune, som ligg mellom Vågsøy og Flora kommunar, observatør under møta. Bremanger kommune (3.847 innbyggarar) var ønskt og invitert med i den nye kystkommunen. Men i Bremanger har det heile tida vore stor motstand mot å slå seg saman med andre kommunar. I Bremanger har engasjementet mot å slå seg saman vore stort. Etter 2019 har det ikkje vore forhandlingar mellom Bremanger og Kinn kommune om samanslåing. På Stortinget har det heller ikkje vore fleirtal for å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune. Dermed så er Kinn kommune blitt meir utfordrande med store avstandar og dårlege kommunikasjonar mellom Vågsøy og Flora. Kinn kommune har blitt omtala som den raraste kommunen i Norge. 

    Det har også prega debatten at Fylkesmannen godkjende at dei rundt 550 innbyggjarane på Bryggja, Maurstad og Totland i Vågsøy fekk skifte kommune til nye Stad kommune etter 2020. Dette godkjende så kommunalministeren. I Vågsøy har det vore engasjerte debattar mellom dei som er for og mot at Vågsøy i Nordfjord slår seg saman med sunnfjordkommunen Flora. Her synest det å vere ein stor politisk og folkeleg motstand mot samanslåinga. I Vågsøy vart det også organisert underskriftskampanje med krav om folkerøysting. 

    Då kommunen sitt første budsjett skulle revurderast våren 2020 så skar samarbeidet mellom dei to største partia seg, Arbeidarpartiet og Senterpartiet seg. Dei hadde samarbeida om konstitueringa og ordførar og varaordførar, og hadde ei skriftleg avtale på korleis dei skulle styre kommunen.
    I august så kunngjorde Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre at dei hadde inngått eit samarbeid. Det betydde ei omfattande endring av leiarverva i kommunen. Mellom anna blei det mykje bråk då dei ville redusere løna til varaordføraren frå Senterpartiet til eit minimum.


    Les også: Ap, H og V reduserer varaordførar sin stillingsprosent, lager nye utval og vil realisere kysten sitt potensial

    Stad kommune:

    Kommunestyra i Selje (2.791 innbyggarar) og Eid (6.064 innbyggarar) vedtok i januar 2017 å slå seg saman til Stad kommune. Fjordenes Tidende er nummer ein-avis i tidlegare Selje kommune og vi har rundt 16 prosent husstandsdekning i tidlegare Eid kommune. Eid har i tillegg si eiga avis, Fjordabladet som har rundt 70 prosent husstandsdekning i Eid og langt lågare i Selje-delen av nye Stad kommune. Fjordenes Tidende har vore tett på prosessen med samanslåing av dei to kommunane. Vi har også vore tett på drifta av den nye storkommunen i sitt første år. Det har ikkje vore så mykje usemje og «bråk» rundt denne samanslåinga som det har vore og er rundt etableringa av Kinn kommune.

    Situasjonen for Fjordenes Tidende som lokalavis: 
    Fjordenes Tidende merkar at interessa rundt redaktørstyrt lokaljournalistikk er svært stor. Like fullt så merkar vi etter det første året med nye kommunar at konkurransesituasjonen har endra seg. I stad kommune har innbyggarane to lokalaviser og det same i Kinn kommune der det også er to lokalaviser. Denne konkurransen er veldig sunn og er med på å skjerpe forholdet til kvaliteten på alt vi gjer. Dette tener innbyggarane og lesarane all den tid vi konkurrerer om å vere først og best.

    Fjordenes Tidende vil vere ei av to lokalaviser i dei to nye kommunane. I Stad kommune er vi nummer ein-avis i eine delen av kommunen, i Selje, og Fjordabladet har denne posisjonen i den andre delen av kommunen, Eid kommune. I Kinn kommune har vi nummer ein-posisjon i nordre delar av den nye kommunen, dagens Vågsøy kommune. I søre deler av kommunen, Flora kommune, har Firdaposten denne posisjonen. Store avstandar og lang reisetid vil gjere det vanskeleg for begge redaksjonane å dekke alt i heile nye Kinn kommune like godt som vi gjer i hovudkommunane i dag. Med bil tek det meir enn to timar å køyre ein veg mellom dei to kommunesentera Måløy og Florø, altså meir enn fire timar tur-retur. Skal ein reise kollektivt er det tre båtruter for dag som tek over ein time kvar veg. Utfordringa er at det er mange timar mellom kvar avgang. Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har i tillegg sterke posisjonar i kommunen som deler den nye Kinn kommune i to, nemleg Bremanger kommune. 

    Vår publikasjonsmål er å lage redaksjonelt innhald bygd på identitet, kultur og felles interesser der vi har storparten av abonnentane. Vi må vere opptekne av viktige utfordringar og vedtak som angår folk i området vi dekker i dag. Vi må vere tett på næringsliv, idrett, kultur, samferdsle, skule, pleie og omsorg, barn, unge og eldre, folkeliv og personar som gjer spesielle ting i nedslagsfeltet der vi har flest abonnentar, i ytre Nordfjord og Bremanger. 

    Sjølv om tidlegare Vågsøy kommune har slått seg saman med ein sunnfjordkommune, så vil storparten av folk i Vågsøy framleis vere nordfjordingar. Såleis trur vi at folk i Vågsøy gjerne vil vite kva som skjer både i nye Stad kommune og i Bremanger også etter grenseendringa. Det er også sagt at sjølv om Vågsøy blir ein del av Kinn, så skal dei kommunale tilboda etter 2020 vere som før 2020 og folk skal få løyst alle sine oppgåver i den delen av den nye kommunen som dei bur i. Sjølv om det står i intensjonsavtalen at nye Kinn kommune vil løyse alle interkommunale oppgåver sjølve, så er det seinare sagt at det vil bli samarbeidsprosjekt for Nordre Kinn med dei andre Nordfjord-kommunane. I det første driftsåret til nye Stad og Kinn kommunar har økonomien vore veldig utfordrande. Begge storkommunane hadde tunge og vanskelege prosessar hausten 2020 med å sy saman budsjett for sitt andre driftsår, 2021. I begge kommunane var det tøffe kampar for å oppretthalde tilbod til innbyggarane og komme i mål med store investeringsprosjekt.
    I 2020 har det også vore tøffe forhandlingar mellom Stad og Kinn kommune om oppgjeret etter grensejustering av Bryggja. I 2020 vart kommunane samde om deler av oppgjeret, men er likevel ikkje i mål om alt.

    Utfordringa til Fjordenes Tidende er å halde våre lesarar i nye nordre Kinn oppdatert på kva som skjer i søre deler av den nye kommunen. Det har såleis vore utfordrande å skape felles identitet, felles kultur, felles entusiasme og felles bu- og arbeidsområde med så store avstandar og med så lite kjennskap til kvarandre. Her er det snakk om store og viktige reformer som følgje av at kommunegrenser blir endra og kommunale tenester skal organiserast på nytt.

    På leiarplass har redaktøren tidlegare teke til orde for at alle kommunane i Nordfjord burde vore ein ny kommune. Etter at Stad og Kinn kommunar vedtok å slå seg saman, så har redaktøren på leiarplass vore forsiktig med å ta klare standpunkt for det eine eller andre. Nokon meiner dette er feigt av redaktøren. Men forklaringa er at i desse viktige og store sakene så har det vore eit veldig sterkt engasjement på begge sider. Redaktøren vil ikkje at bastante meiningar på leiarplass skal legge føringar på folk sine meiningar og ikkje minst folk sine oppfatningar om vår journalistikk. Redaktøren er også så ærleg på at det er vanskeleg å ha ei bestemt oppfatning av kva som er blir bra og mindre bra når begge kommunane er slått saman. Men ut frå dette så har vi på leiarplass reist ein del problemstillingar og oppmodar både tilhengarar og skeptikarane til dei nye kommunane om å vere på banen med sine gode argument. Eg har også oppmoda alle innbyggarane i dei nye kommunane om å bidra til at kommunane skal bli så gode som det er mogleg å få dei.

    Konkurransesituasjonen er sjølvsagt meir utfordrande når det er to lokale mediehus som er avhengige av opplagsinntekter i begge dei nye kommunane. I starten av 2020 vart det starta ei ny nettavis som har satsa på korte kjappe meldingar frå Måløy og området rundt, pluss Kinn kommune. Dette re ein nettstad som leverer alle sakene gratis. Det er sjølvsagt utfordrande for oss som leverer mange av dei same sakene for abonnentar. 

    Vestland fylke:
    I 2020 vart tidlegare Sogn og Fjordane historie og vi er no nye Vestland fylke. Dette er eit storfylke der hovudstaden er Norges nest største by. Storbyproblematikken er nok annleis enn utfordringane vi har i nordre del av fylket. Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skula, vegar og samferdsle og kommunikasjonar. Tida vil vise om utkantane får gjennomslag og får behalde tilboda som mange kjempar for.

    I det første året skjedde det mykje positivt for ytre Nordfjord i den nye fylkeskommunen:


    Koronapandemien 2020:

    Fjordenes Tidende har som alle andre også fått merke koronapandemien som har prega dei fleste over heile verda. Covid-19-viruset endra mykje for mange. Viruset som dukka opp i Kina mot slutten av 2019 har spreidd seg over heile verda. Norge vart stengd ned 12. mars i 2020. Då vart det innført strenge smitteverntiltak. Skular og barnehagar vart stengde. Over natta vart all undervisning endra til å bli digital. Kultur- og idrettsarrangement vart avlyst. Etter kvart så vart det arrangert og organisert digitale konsertar, gudstenester. Alle som kunne vart råda til å jobbe på heimekontor. Vi i Fjordenes Tidende laga journalistikk frå heimekontor og som så mange andre, så kommuniserte vi med kvarandre og andre via videokonferansar. Vi var på heimekontor fram til 15. juni 2020.

    Våre mål har vore å unngå å bli sjuke og spreie smitte, og så skal vi vere tett på å opplyse innbyggarane om råd og smitterestriksjonar. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på det vi har gjort. Vi har også store trafikktal på alt som handlar om pandemien.

    Kommunale møter, rettssaker, og andre viktige møter vart gjennomført via videoløysingar. Reiseaktivitet vart redusert til eit minimum.

    Denne ekstreme situasjonen førte til eit enormt informasjonsbehov blant innbyggarar som ville få informasjon om kva som skjedde. Det var også eit stort behov for lokal og sentrale styresmakter å få ut informasjon om råd og reglar som endra seg. Som lokalavis så tok vi samfunnsoppdraget på alvor. Vi har i heile året vore tett på denne krisa som er omtala som den mest utfordrande etter 2. verdskrig. Vi har publisert det aller meste rundt pandemien ope. Alle som ikkje er abonnentar kunne også lese dette. Vi håpar dette blir oppfatta som at vi har gjort vår del av det som blei omtala som ein nasjonal dugnad for å hindre spreiing av dette dødelege viruset. I heile 2020 har det vore arbeidd med å utvikle vaksine.
    Fjordenes Tidende har kome greitt ut av krisa så langt. Vi ser at mykje har vore endra og det vil det nok framleis vere. Vi, som mange andre media har mista annonseinntekter. Difor har vi måtte ha spart der vi kan ha gjort det utan at det går ut over tilbodet til lesarar og annonsørar. Vi har også sett det som ei viktig oppgåve å støtte og hjelpe lokalt næringsliv med å halde oppe sin aktivitet gjennom reportasjar og oppsnakk av lokalt næringsliv og verdiskaping.

    Den største utfordringa med koronapandemien er at vi periodar ikkje har kunne vore til stades der ting skjer på grunn av smittefare. Det har også vore vanskeleg å møte personar og grupper. Vi har også opplevd at det er utfordringar med digitale møter, både teknisk varierande kvalitet blant dei som deltek og utfordringa med å følgje formalitetar under avstemming og innkalling.
    Fordelen med digitale møter er at vi kan følgje med på desse utan å måtte reise ut.

    Papirforsida dagen etter at Norge stengde ned 12. mars 2020:



    Følgjer av korona:

    Røft klima og sterke naturkrefter: 

    Også i 2020 var det mange orkanar og vindfulle døgn med store mengder nedbør i regionen vår. Dette førte sjølvsagt til mange utfordringar for mange. Kraftig vind skapte problem for trafikken. Båtruter og ferjer vart innstilt. Bruer var stengde og folk blei isolerte i lange periodar. Det har vore fleire ras og stengde vegar som følgje av det. Heldigvis er det ikkje snakk om at personar har blitt skadde. I 2020 etablerte vi vår eigen app med informasjon om vindstyrke og om Måløybrua var open eller stengd.

    I 2020 var vi sentrale samarbeidspartnarar i å få etablert eit kamera på Kråkenes som sender levande bilete heile døgnet. Det har vore stor interesse rundt dette spektakulære kameraet.


    Her kan du sjå Fjordenes Tidende sine WEB-kamera:

    Sjå kor det kokar i orkanen

    Trailer blei tatt av vinden

    Samferdsle: 

    Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema i 2020. Det er stor interesse rundt dette området.

    Det har vore, og er, stor debatt rundt trasé for kystvegen i ytre Nordfjord. Debatten har gått på om det skal byggjast bru ytst i Nordfjorden og kva alternativ trasé ein skal velje sør for Svelgen.

    Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. På kysten har det vore stort fokus på kommunikasjonar internt i nye Kinn kommune. 

    Historisk samling om verdas første skipstunnel
    Verdas første skipstunnel: Stad skipstunnel er under planlegging og prosjektering. Det har vore stor debatt rundt prisen på og samfunnsnytten av dette pionerprosjektet, ein 1.800 meter lang tunnel. Dette blir verdas første tunnel for skip som skal opne ei alternativ rute forbi det farefulle Stadhavet. I 2018 har det vore ein stor debatt etter at ein kvalitetsrapport konkluderte med at prisen aukar til 3,7 milliardar kroner og at enkelte meiner nytteverdien er liten. I samband med forhandlingar om statsbudsjettet for 2021 så pressa Framstegspartiet regjeringspartia til å gå med på oppstartsløyvingar til Stad skipstunnel, og at arbeidet med bygginga skal starte i 2021. Dette er eit vedtak som betyr mykje for mange.


    Vanskeleg kommuneøkonomi: 

    I dei fleste kommunane i vår region er det vanskeleg kommuneøkonomi. Det har ført til store debattar om kvaliteten på kommunale tenester og tilbod, nedlegging av skular og barnehagar. Vi har sjølvsagt følgd dei mange prosessane tett både i kommunale møter og gjennom intervju med sentrale aktørar og brukarar av tenester. Kommunane som slo seg saman til Stad og Kinn kommune etter 2020 har også trong økonomi og stor lånegjeld.

    Kommunepolitikarar i dei nye storkommunane er skuffa over at regjeringa ikkje har sytt føre betre økonomi i storkommunane.

    Kultur og sport: 

    Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store delar av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette, og dette er eit viktig stoffområde for avisa.

    I 2020 har det meste av arrangement, lagidrettar, konsertar med publikum og deltakarar vore avlyst. Det har sjølvsagt ført til langt mindre kultur og sport i våre spaltar. Men vi har i 2020 hatt mange digitale konsertar, gudsteneste og levande bilete frå alternative arrangement.




    Kriminalitet: 

    Etter at politireforma vart innført og operasjonssentralen vart flytta frå Flora til Bergen 8. november i 2017, så er det spøkefullt sagt at det er slutt på kriminalitet her i fylket. Dette er dessverre ikkje rett. Det stadfestar regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende. Han seier politiet har like mykje å gjere etter 8. november i 2017. Politiet innrømmer at dei ikkje har klart å informere lokale media her i fylket godt nok om det som skjer så godt som dei gjorde før. 

    For Fjordenes Tidende er det viktig å formidle det som skjer, oppdrag som politiet er ute på og brotsverk som blir gjort - så snart vi kan. Dette har både ein opplysande og ikkje minst ein førebyggjande effekt. Vi trur at det er viktig å formidle kva som blir følgjene av brotsverk, at det er eit politi og rettssystem som straffar dei som bryt lovene om det er i trafikken eller andre stadar. 



    Vi har dekka tunge rettssaker.



    Digital nasjonaldag:

    På grunn av koronapandemien så vart den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen 17. mai avlyst. I staden vart det laga ei digital markering. Fjordenes Tidende hadde ei omfattande dekning av nasjonaldagen frå heile dekningsområdet. Vi hadde planlagt fleire digitale innslag på førehand, pluss at vi var ute å tok pulsen på det vesle som skjedde.


    Strid om vindkraftutbygging:

    Ei av dei store sakene og følgjetongane i våre spalter i 2020 var strid rundt utbygging av ein vindkraftpark på Stadlandet i Stad kommune. Det hare vore eit stort folkeleg opprør mot utbygginga. Og dette kulminerte då utbygginga vart sett i gang i august 2020 og mange meinte at utbyggar ikkje hadde nødvendig løyve.
    Også i Bremanger har det vore stort engasjement både for og mot to store lokale vindkraftprosjekt.

    Presidentvalet i USA:

    Det har vore stor interesse rundt det viktige valet i USA som var i 2020. Vi laga ein serie med lokale folk som har tette band til USA, og kva dei tenkte om valet og kva dei håpa vart resultatet. 

    Douglas: 


    Pavelich: 

    Søraa:

    Haaland:

    Morken:

    Podkast og levande bilete:

    Fjordenes Tidende har investert i podkast- og streamingutstyr. Vi har streama fleire arrangement i 2020

    Gudsteneste:

    Konsertar på vår eiga digitale scene:

    Vi har også laga fleire podkastar:
    Ordførarprat:


    Adventsserie – møte med 24 personar:

    Lagar fleire magasin: 

    Eigenproduserte magasin og temabillag er viktig bidrag til drifta av Fjordenes Tidende. Og vi meiner sjølve at vi er ganske gode på det. Gjennom året lagar vi 7-8 temamagasin retta mot større arrangement og høgtider. I desse magasina får lokalt næringsliv og kommunar profilere sine varar og tenester. Vi har også eit rikhaldig og variert redaksjonelt innhald om arrangementa og aktuelle hendingar og personar. Sjølv om det har vore pandemi i 2020 og store festivalar har vorte avlyst eller utsett, så har vi likevel laga fleire magasin. Nokre eksempel:


    Hav av moglegheiter saman med Firdaposten

    Julemagasin

    Sommarmagasin


    Her er videoar og bildeseriar frå nokre arrangement vi har omtalt i 2020 

    Mest leste sakene på nett i 2020

    Ny nærkontakt har fått påvist smitte

    «72 tonn med mikroplast kan havne i florøfolket sitt drikkevann»

    Kom med krass kritikk av ordføraren. – Han må pakke snippeska

    Føreren satt fastklemt

    To personar huslause etter storbrannen

    «Vindkraft på Stadlandet: Hvor lavt er det lov å synke? Skam kan ikke betales med avlat fra folkets penger»

    Braut hytteforbod, fekk ordre om å reise heim

    To bilar har kollidert. Nødetatane er på veg til staden.

    I kveld får du sjå filmen der Else finn att kjærleiken etter 70 år

    Stormen herja med den vêrutsette restauranten i natt

    Blei stansa og bøtelagt av politiet under lærekøyring

     

     

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom og på ulike arenaer i området vi dekker. Vi skal la folk som har meiningar om korleis dette samfunnet skal utvikle seg få sleppe til. Vi skal vere balanserte og truverdige. Vi skal vere balanserte og til å stole på. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande og ryddig debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg. Vi skal sette viktige saker på dagsorden, og vere eit talerøyr for folket. Vi skal vere ei vaktbikkje for det offentlege og formidle viktige saker som blir drøfta og vedteke der. Vi skal også la innbyggjarane få ytre seg og meine noko om det som blir bestemt.

    Legg til i min rapport

    Samspel papir til nett

    Sjølv om vi har vorte meir digitale med fleire saker på nett og er raskare ute med dei når det skjer, så trur vi at vi klarer å ha eit godt samspel mellom nett og papir. Stadig større del av sakene blir publisert under PLUSS på nett til dei som abonnerer digitalt før dei kjem i papiravisa. Likevel er det vårt inntrykk at papiravisa som kjem i postkassa betyr enormt mykje for folk i alle aldrar. Skal ei sak vere skikkeleg omtala i våre spaltar, så skal den ha vore i papiravisa. Det er signala vi får heile vegen. Folk vil ha papiravisa inn på kjøkkenet. Det er ikkje nok med berre ei sak på nett. Samstundes ser vi at nettet er ein viktig arena der vi får vise fram sakene våre og journalistikken vår, og er ein viktig marknadsføringsarena for innhaldet vi leverer. Etter at vi lagar fleire Pluss-saker på nett ser vi at talet på digitale brukarar stadig veks.

    For å sikre jamn og høg lesing digitalt og for å gje folk meir kunnskap og betre innsikt så linkar vi til tidlegare og relevante saker i dei nye sakene vi publiserer på nett. 

    Ambisjonen vår er å bli endå meir digitale, og at vi jobbar «digitalt først» for å vere aktuelle, og så redigerer ei god papiravis på trykkedagar.

    Bemanning:

    I 2020 bestod redaksjonen av tre kvinner og to menn, pluss redaktør som er mann. Marknadsavdelinga består av ei kvinne og to menn, så totalt sett er kjønnsbalansen i Fjordenes Tidende god. Eg er heldig og får vere redaktør i ei avis med svært dyktige journalistar som legg si ære i å formidle korrekt og balansert journalistikk. Vi har også dyktige marknadsmedarbeidarar som skapar stor aktivitet, og som i 2020 har bidrege til eit godt driftsresultat trass i koronapandemien. Vi samarbeider godt og inspirerer kvarandre til å lage det vi trur er ei godt lokalavis.

    Kva kunne vi gjort annleis og betre: 

    Det er sikkert mykje. Vi kunne sikkert ha brukt fleire kjelder og andre kjelder i mange av sakene vi har laga. Utfordringa ofte er når vi har korte fristar er å bruke nok tid på å finne nye kjelder og få desse til å stå fram. Vi kunne som eksempel ønskt endå fleire kvinner, barn og unge som kjelder. Vi burde sikkert også ha greve endå djupare og gjort meir ut av mykje av journalistikken vår. Det mest utfordrande er nok alle dei sakene som vi ikkje har gjort noko med fordi vi har avgrensa ressursar. Vi må prioritere og klarer dessverre ikkje å vere alle stadar til alle tider med dei ressursane vi har. 
    Konkurranse frå sosiale medium: 

    Den konkurransen merkar vi svært godt. Dei fleste bydelar, bygdelag og interessegrupper har etablert sine eigne sider på Facebook, som fungerer som lokal reklamekanal og lokale oppslagstavler. Folk deler nyheiter og diskuterer store og små hendingar i lokalsamfunna sine. Folk er raskt ute med å dele hendingar og meiningar, gjerne raskare enn det vi klarer. På den andre sida er sosiale medium ein viktig tipskanal for oss. Mykje av det som folk deler på sosiale medium blir ofte omtalt og dekka i Fjordenes Tidende.
    Det skrivne ordet er sterkt, og ein feil som vi gjer i papiravisa er ikkje lett å rette opp. Ei retting i neste utgåve kan ikkje endre det som stod i den første artikkelen. Vi må berre be om orsaking for ulemper det har påført dei som har blitt utsett for våre feil i 2020.
    Kommunikasjon med lesarane: 

    Sosiale medium er flott arena å kommunisere med folk i distriktet på. Dette er ein viktig tipsbase som er utgangspunkt for journalistikken vår. På sosiale medium er det ofte debattar om lokalavisa, og vi prøver så godt vi kan å forklare våre val og prioriteringar. Folk er også flinke til å dele private bilete og ytringar med oss. Mange tek kontakt, ringer og sender e-post med både ris og ros. På sosiale medium prøver vi å vere aktive og svare når det er viktige debattar om oss og journalistikken vår. Vi er aktive på Facebook, Instagram og Twitter.


    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Vi har hatt interne kurs og utviklingsmøte også i 2020. Vi evaluerer kontinuerleg vårt eige produkt, vinkling og val av kjelder. Vi har sterkt fokus på val og bruk av kjelder vi brukar og vinkel på sakene. Vi har hatt stort fokus på at papir og nett skal bli ulike og unike, og at dei to plattformene kan utfylle kvarandre og ikkje konkurrere mot kvarandre.

    Konsernet har siste åra satsa på eit team som driv med redaksjonell innsikt. Dei er tett på oss med analyse av trafikktal og analyse av dette.

    Etikk

    Vi har stort fokus på å følgje Vær Varsam-plakaten. Vi har opna for debatt via Facebook i dei fleste saker vi deler der. Kommentarane er stort sett saklege og ryddige, og er viktige innspel til påverke samfunnsutviklinga. Vi overvakar kommentarspaltene, og vi fjernar ytringar som vi meiner er krenkande mot enkeltpersonar.

    I 2020 vart vi klaga inn for Pressens Faglege Utval (PFU) etter at vi på nett publiserte ei sak om varaordføraren i Kinn kommune som to dagar etter at Norge vart stengd ned hadde nærkontakt med to veninner som brukte laurdagskvelden til å ta boblebad. Det skjedde etter at regjeringa hadde innført strenge råd og reglar om smitteverntiltak, råd avstand og unngå besøk. Varaordføraren delte eit bilte frå kvelden i boblebad på sin private Facebook-profil der ho hadde knapt 300 følgjarar. Etter at biletet vart spreidd til fleire vart saka sletta. Både varaordførar og ei av veninnene klaga Fjordenes Tidende inn for Pressens Faglege Utval. 

    Både sekretariatet i Presseforbundet og utvalet meinte vi ikkje hadde brote god presseskikk, og vi vi vart «frikjend».

    Her er saka:


     

    Erling Wåge

    Ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport