Det har vore ei omstilling meir mot nett, men Fjordabladet har vore tru mot alle som held papiravisa. Og med endra kommunestruktur til ein større kommune ser vi potensialet til fleire abonnentar og at Fjordabladet skal halde fram med å vekse.
Vi skal også i framtida spele ei svært viktig rolle i lokalsamfunnet, og vere «lim og lupe» i lokalmiljøet. Folk skal føle dei må ha avisa for å følgje med på det som skjer av stort og smått.
Etikk
Fjordabladet har god lesarkontakt. Det gjer at vi lettare kan sjekke kjelder, og vite kven og kva som kan vere forsøk på å villeie redaksjonen.
I 2020 avdekte vi ingen forsøk på å lure redaksjonen.
Vi får sjølvsagt mange tips, som etter litt undersøkingar viser seg å ikkje stemme heilt, og slik at det ikkje kan bli ei sak. Dette handlar meir om at den som tipsar oss har misforstått saka.
Vi hadde ikkje PFU-saker i året vi har bak oss.
Svar på stiftelsen sine spørsmål
Koronapandemien: Kva har vore dei største utfordringane redaksjonen har møtt knytta til Covid-19?
Då statsministeren stengde ned landet i mars så hadde vi så å seie ferdig ei storavis/utvida distribusjon til trykk. Det raste inn med avbestillingar på annonsene, og vi måtte stoppa den. Om ikkje hadde vi tapt endå meir pengar. Så gjekk vi inn i ei tid det var heilt stopp for annonsering. Alle var usikre.
For alle i avishuset vart det no heimekontor. Heldigvis hadde vi akkurat installert Teams, og vi kunne ta det i bruk og oppleved det som ei god kommunikasjonsform.
Sjølv om landet stengde ned, så skulle det produserast nyhende, og vi opplevde at vi som lokalpresse var ein endå viktigare informasjonskanal for innbyggjarane.
Men sjølv om ein har møter på Teams er ikkje dette det same som at kollegaene møtast fysisk. Det krevast meir av kvar enkelt, samtidig som ein ikkje får den viktige «smalltalken» i dagleglivet.
Å ikkje i like stor grad kunne reise heim til folk for å intervjue, har også gjort det meir krevjande i vår arbeidssituasjon.
Produksjonspress og idéutvikling: Er det tid til å utvikle eigne journalistiske prosjekt, eller må de berre springe for å oppfylle alle forventningane frå omgjevnadane?
Vi er avishus i eit område der det normalt skjer mykje. No i koronatida opplever vi til liks med andre at det er meir krevjande med tanke på at arrangement uteblir, og ein må i større grad utvikle eigne saker. Der vi tidlegare kanskje har lent oss på store lokale og planlagde arrangement som går år etter år og engasjerer mange frivillige, må vi no tenkje nytt.
Debatter og kvalitet i kommentarfelt: Hva slags rutiner har dere for overvåkning og moderering av kommentarfelt? Hvordan opplever dere at utviklingen er hva angår debattnivået?
Vi følgjer aktivt med på debattar i kommentarfelt. Vi registerer at debatten er størst når saker er delt på facebook, og der kan nivået vere ganske så tøft. Her har vi både sletta innlegg, eller sendt melding til vedkomande at dei må moderere seg om ikkje blir kommentar sletta Ikkje alle forstår dette. Då kan vi gjerne få beskjed om at vi spring ærendet til NN.
Vi opplever også at andre går inn og ber debattanter roe seg eller sette dei på plass.
Vi registerer at det er fleire som kanskje ikkje burde ha trykt på «send» av dei som kommenterer. Redaktøren har fått personlege meldingar som ikkje alltid er like morosame å få, og som tillegger redaktøren meiningar fordi dei trur ein støttar vedkomande dei rakkar ned på.
Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør/dagleg leiar